Sitat YR:
"Våren kjem stadig tidlegare
18.3.2021 | Endret 22.3.2021
Vinteren blir kortare og våren startar tidlegare enn før. Fleire stader
i landet startar våren to veker tidlegare.
– Vi ser ei veldig tydeleg utvikling. Vinteren blir kortare, medan
sommaren blir lengre, og det gjer at våren blir forskuva. Den kjem stadig
tidlegare, seier klimaforskar Reidun Gangstø Skaland.
Årstidene i Noreg har endra seg som følgje av den globale oppvarminga.
– Mildvêret kjem tidlegare på året enn før, noko som gjer at det blir
tidlegare grønt. Samtidig påvirkar det snøsmeltinga, og gjer at vårflaumane
kjem stadig tidlegare. Skisesongen blir også kortare, seier Skaland.
For å sjå på endringa over tid har vi samanlikna
gjennomsnittstemperaturen i dei to normalperiodane 1961-1990 og
1991-2020.
Tala
viser at våren startar tidlegare i heile landet. Ved Færder fyr startar våren
heile 22 dagar tidlegare enn for 30 år sidan. Dei fleste stader er endringa på
ei til to veker.
Våren kjem når temperaturen er over null
Den
meteorologiske definisjonen av vår er når middeltemperaturen gjennom døgnet
ligg mellom null og ti gradar. Men det finst ein regel til. Den seier at
døgnmiddeltemperaturen også må vere stigande gjennom perioden for at vi kan
kalle det vår."
I
Nordland gjelder i følge YR -->
Værvarslet for Andøya -->
I Bodø
ser det slik ut i øyeblikket:
Med dertil hørende varsel -->
Tidligere vår? I alle fall ikke i Nordland.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar